Skauspizza! No kan også du laga den!

,

Etter massivt press både frå media og frå folk flest bøyer leiinga for Fres Festival omsider av og offentleggjer oppskrifta på den legendariske Skauspizzaen.

Ei av dei strengast bevokta løyndomane i norsk mathistorie kjem no til  å verta avdekt. Hald deg fast!

Bilde av ein pizza

Hemmelege ingrediensar

  • 1 pakke kjøtdeig
  • 1 pizzadeig
  • 1 pose Toro pizzafyll med tomat og løk
  • Ost!

Slik går du fram

Å få med seg dei rette ingrediensane er no ein ting, men skal du verkeleg lukkast med Skauspizzaen din, så er det handlaget og fingerspitzane som er det aller viktigaste. Start med å setta pizzadeigen til heving. Dette gjer du ved å putta den i ein bolle og eventuelt dekka den til med eit klede eller litt plastfolie. Sett bollen på ein lun plass og gå sporenstreks overt til å laga den hemmelege Skauspizzasausen.

Kjøtdeigen

Finn fram kjøtdeigpakken din. Penetrer plasten nederst på fronten av pakken, og før kniveggen frå deg i retning av toppen. Med ei roleg men bestemt rørsle har du no greidd å laga eit snitt i kjøtdeipakken som du kan brette til side og frigjera sjølve kjøtdeigen. Pass på at fargetilsettinga i kjøtdeigen er god slik at den har den raudlege fargen som kjenneteiknar god kjøtdeig. Viss den manglar denne fargen, må du på bui og varskua.

Finn fram ei steikepanne og sett den på bånn måk! Ha litt metta feitt i panna før du legg i den ferske kjøtdeigen. Ta umiddelbart til å hakka kjøtdeigen i birtar med eit dertil høveleg verkty, til dømes eit spattel. Her kan du lata kreativiteten få fritt spelerom! Nokon likar kjøtdeigen sin så finhakka som råd, medan andre likar den med i litt større bitar. Her er det ingen reglar – slepp deg laus! Bilde av Toro pizzasaus

Sausen

Etter å ha steikt kjøtdeigen, finn du fram Toro Pizzasaus med tomat og løk. Opne Toro Pizzasaus med tomat og løk ved å med ei saks fjerne den øvre halve centimeteren av pakken. Her kan du sjølv bestemma om du vil klyppa frå høgre mot venster eller vice versa.

Hell innhaldet i Toro Pizzasaus med tomat og løk over den steikte kjøtdeigen din og tilsett vatn. Det er viktig å halda seg til den mengda vatn som står angitt på pakken. Det beste vatnet får du ved å skru på springen og halda eit oppsamlingskar under der vatnet kjem ut.

Etter å ha tilsett vatnet, rører du i hop kjøtdeigen og den nyopna pizzasausen. Kok nøyaktig så lenge det står på pakken. Etter at sausen er ferdig, legg du den oppå pizzadeigen som no er blitt heilt flat og ligg oppå eit bakepapir, som igjen ligg oppå ei langpanne. Når du har lagt på sausen, dekker du denne med jevvligt med raspa ost! Smell so heile greia i ein forvarma omn og steik på i eit kvarters tid. Voila!

Den ekstra hemmelege ingrediensen

Det er liten tvil om at mange har forska på korleis ein kan laga denne berømte Skauspizzaen. Endå mindre tvil er det om at ingen heilt har greidd å knekka koden. Det er nok fordi dei ikkje kjenner den megahemmelege ingrediensen: reisetid.

For å få den verkelege Skauspizzaen, er det nemleg heilt essensielt at du lagar den på Systrond, legg den etter gjennomført steiking på ei rist og dekker den med ein kjøkenhandduk. Etter at den har kjølt seg ned legg du rista med pizzen på i ein Kiwipose og set den inn i bilen. Deretter køyrer du Skauspizzaen frå Leikanger til Fresvik, og varmar den oppatt til servering der. Slik får Skauspizzaen – slik akevitten i si tid fekk det – den siste modninga som tek den frå alminneleg pizzaheit og opp til total kulinarisk ekstravagaza.

Skauspizza serverar du frå langpanna – gjerne delt i frikantar og toppa med Idun tomatketchup og grillkrydder. Til følgje i glaset anbefalar vi eit lyst makrobrygga øl som til dømes Tuborg, Odin eller Pokal. Bon apetit!

Og no når du er mett – fli deg ein billett! 

1 svar

Comments are closed.