Slegest3

Slegest

Kless!

Då er det tid for rock folkens! Med ei frekk blanding av god gammaldags hardrock, frekk pønk og svartmetall har Slegest gått inn for å bli den neste store rockeeksporten frå Leikangar. Fronta av Ese (ex Vreid) og flankert av Sør (Båååv), Hövard (Bombeklüchter) og Fjøsne (IT-drift Sogn og fjordane fylkeskommune) er Slegest nemleg det ein kan kalla ei supergruppe frå Systrond. Sjeldan har vi fått moglegheita til å oppleva eit sopass toppa systrondslag – kanskje ikkje sidan White and Funky herja heilt ok tidleg på 80-talet ein gong.

Slegest er  soloprosjektet til den tidlegare Vreid-gitaristen Ese.  Sida den spede oppstarten i 2010/11ish har han smellt ut ein sjølvtitulert EP (2011) og ein frekk fullengdar – Løyndom (2013). Sistnemnde fekk metalbloggosfæren til å gå bananas og Bergens Tidende til å trilla femmaren!

På Løyndom finn ein også Ho som Haustar åleine – sjekk vidåy!

Frå Høyanger til Halden

Bandet har ei lege på latsida. So langt i år har dei spelt både i alufelghovudstaden Høyanger og  i hovudstadhovudstaden Oslo. I mai varmar Slegest opp til Fres med europaturné med mellom andre Taake – ikkje Torkjel Solbraa sitt singersongwriter prosjekt, men metalbandet Taake frå Bergen. Ait! I tillegg er Slegest booka til nybyrjarfestivalen Tons of Rock i Østfold fylekskommune ein plass.

Men DU treng ikkje reisa til korkje Østfold eller Europa for å få med deg Slegest: dei ser du nemleg på årets utgåve av Fres Festival!

Kjøp billett på internett! Til Fres Festival altso.

Sjekk ut Slegest på Spotify!
Følg Slegest på Facebook!