omartin

O Martin

Topp stemning på lokal gard!

“Omgangen med Travis’ Fran Healy, Susanne Sundfør, Jonas Alaska og Grant-Lee Phillips har kanskje hatt litt å si for Skålnes’ utvikling som singer/songwriter de siste årene”
– Bergensavisa BA (på nett, me veit ikkje om det kom i papiravvisao, er det mogleg å abonnere?)

O. Martin er artistnavnet til Odd Martin Skålnes, tidlegare vokalist/låtskrivar i popbandet The Alexandria Quartet. Men nok om det, for i fjor bergtok han det småbrisne tidleg-på-kvelden publikummet i Fresvik med sine melankolske tonar. Heldigvis takka han ja til å komme attende på Fres14, denne gong med fullt band, så forvent magi frå Fres Main i slutten av juli!

O. Martin er for tida aktuell med debutplata “Silence Fiction”, eit album som har hausta strålande kritikkar over heile fjøla, mellom anna frå hovudstadblekka Dagbladet. Ikkje rart, det er ei strålande plate, som garantert kjem til å snurre mykje i Fresvikland i tida før festivalen.

Sjølv om det ser ut som om han frys, så lovar me deg at musikken til O. Martin varmar godt, sumar som vinter, og me gledar oss stort til eit stk. kjøleg pilsner i handa, solnedgong og O. Martin på Skau!

Ikkje gløym å fli deg ein billett til Fres Festival 2014!

Har du Spotify kan du høyre plata her:

Følg O. Martin på Facebook!