Rusti M

Maylen Rusti

Då er det tid for pop!

Fres Festival har dei siste åra utvikla seg til å verte den fremste levrandøren av kvalitetspop i Fresvik. Det aktar vi å halde fram med, og difor er vi ikkje so reint lite stolte av å kunne presentera den neste stjerna som bleinkar i pophorisonten: Maylen Rusti!

I utgangspunktet var Maylen ein klassisk singer-songwriter. Etter eit opphald i New York – der ho spelte inn eit heilt album produsert av ektemannen til Martha Wainwright (!) – tok musikken til Maylen ei ny retning. Ho slo seg saman med ingen ringare enn ringreven Odd Martin Skålnes, betre kjent som Fres-aktuelle O Martin, og saman har dei tatt låtane til Maylen opp til feiande flotte popperler. POPPERLER! Ei av desse perlene er låta Changing – sjekk den ut her og der!

Keen på meir Maylen? Kjøp deg billett til Fres Festival 2014 i dag!

Ny plate på veg!

Medan vi går og ventar på at det skal verta Fres Festival og konsert med Maylen kan vi heldigvis trøysta oss med at debutalbumet Heart Machine er like om hjørnet! Første singel frå skiva er allereie ute – smell den på no!

Sjekk ut Maylen Rusti på Spotify!
Lik Maylen Rusti på Facebook!