Fres Festival 2014 er på veg! Første artistislepp!

Det er med 1000 kg stoltheit at vi kan presentera dei første artistane til Fres Festival 2014!

Thulsa Doom
Rumble in Rhodos
Yoguttene
Slegest
O. Martin 

Holy moly! Med ein slikt start er det sannelege ikkje godt å seia kvar årets lineup er på veg, men at den er på veg til landet der total awesomeness bur, det er det liten eller ingen tvil om. Stay tuned!

Du leste rett

Du gnidde deg litt ekstra i augene, gjorde du ikkje? Er det verkeleg sant, spurte du kanskje? Eg må sjekka at teltet mitt er i orden, tenkte du heilt sikkert.

Og alt dette medan ein god gammal kompis av ei kjensle bevega seg sakte oppover gjennom ryggrada di til den til sist trilla over tunga di i form av fire venlege ord: siste helga i juli.

Billettane er allereie lagt ut Knut!

Årets billettar er allereie lagt ut – fli deg ein her – og dei som er først ute får ein heilfrekk earlybird!

Det stemmer det

Jepp folkens, der har de det! Det er ikkje stort meir å seia: Fres Festival er på veg til deg!