Første gong på Fres Festival? Her er nokre tips frå røynde fresarar!

,

Fres Festival nærmar seg med stormskritt. Her er nokre elementære pro-tips for deg som ikkje har vore på Fres tidlegare. For deg som har vore på Fres tidlegare skadar det sikkert ikkje med ei lita påminning heller.

Billettar

Billettar får du kjøpt her.

Telt

Torjus manøvrerer stanga røynd inn i teltduken

Torjus manøvrerer stanga røynd inn i teltduken

Fres Festival er eit utandørsarrangement. Dersom du vil overnatta, må du ta med ditt eige telt, eller sørga for å få sova i telt med ein kompis.

Klede

omartin

Som nemnt: Fres Festival er eit utandørsarrangement, og det går av stabelen i Noreg. Noreg er ikkje alltid eit veldig veldig varmt land. Ta difor med deg litt ekstra klede som du kan ta på deg dersom du har tenkt å vera lenge oppe. Enkelte gonger har det også vore naudsynt å ta med seg noko som er vasstett og.

Mat

Its grovt!

Its grovt!

Mat er godt! Ta med deg mat, vel! Vi stiller dei legendariske kommunale Fresgrillane til disposisjon for alle som vil snike ein lonk i ein burgar, eller karbonisera ei flintsteik. NB! All bruk av eingangsgrillar er strengt forbode!

Som vanleg dei siste åra, stiller Vikja opp med grillstanden sin der du kan få kjøpt dei herlegaste burgarar og anna aktuell grillmat.

Drikke

Fres Festival har ikkje skjenkeløyve. Ta difor med deg mineralvatn når du kjem. Hugs at for mykje mineralvatn er skadeleg for tennene.

Framferd

Fres Festival er verdas trivlegaste festival. Det er fordi alle er trivelege med kvarandre. Ver difor ein fin fyr, og ikkje ver ein dritfyr. Dersom du på nokon måte skulle komma til å bli ein dritfyr, forlat området umiddelbart. Trygg Fres er ein god Fres!

 

Konsertar

Ver tidleg ute for å sikra deg dei beste plassane på alle konsertane. Med det same du høyrer konfransieren kjem på scena for å introdusera neste band, slepp alt du har i hende og styrt mot scena. Kven spelar på Fres i år? Sjekk ut det episke programmet!

Sosiale media

Ta bilder og post dei på fjes, insta og twitter! Hugs for all del å tagga med #fres13 samma kvar du postar!

Noko meir du lurar på? Sjekk ut ofte stilte spørsmål, eller ta kontakt!

1 svar
  1. Max Jensen
    Max Jensen says:

    Skal tilføye at Himmel og Fjord, den ny kafé i Fresvik har skjenkeløyve, er åpen unner hele Fresn og fører et bra utvalg av Ægir og Balder brygg fra Flåm og Leikanger, samt naturligvis is fra Feiås, ost fra Undredal, saft fra Balestrand, smoothies, kaffe m.v.

    Ikke minst ser lokal-befolkningen i Fresvik gjerne at dokkar alle hendlar kraftig inn i vår Coop: Fresvik er ein liten bygd og Coop trenger økt omsetning!

    Vi ses!

Comments are closed.