Nyhende! Leiinga i media!!

Faksimile Sognavis.no iskø

Faksimile Sognavis.no iskø

Det var ikkje få som sette lønsjkaffien i halsen då Sognavis.no på tirsdag ettermiddag publiserte
dette biletet av ein av dei hemmelegheitsfulle medlemmane av Leiiga for den uavhengige festivalen Fres Festival i Fresvik.

Det er enno ikkje på der reine kven av dei myteommspunne leiingsmedlemanne det er som har blitt festa på minnekort, men ekspertar frå Medietilsynet  og Kripos jobbar no på spreng med å finna ut kven det kan vera. Det er venta at ekspertane vil komma med ei uttale i løpet av kvelden eller natta.

– Heilt uturleg at eg kom so nær innpå ein i Leiinga! seier ein tydeleg oppjaga fotograf frå Sogn Avis. Fotografen vil gjerne vera anonym for å verna om privatlivet sitt – å ha vore so nær Leiinga vil medføra ein kjendisstatus av bieberske proposjonar.

Vil du også oppleva Leiinga på nært hald? Kjøp billett til Fres Festival 2013!

1 reply

Trackbacks & Pingbacks

  1. […] før hadde nyhenda om at Sogn Avis hadde publisert eit bilete av det som angiveleg skal ha vore eit av medlemmane av Leiinga for den uavhengige festivalen Fres […]

Comments are closed.