Lars Vaular og Real Ones til Fres Festival 2013!

Foto: Andrew Amorim

Foto: Andrew Amorim

Lars Vaular og Real Ones tek turen til Skau i sommar. Det same gjer Kid Astray, Sweden, DJ Ralph Myerz, Electric Eye, nrwy, Boo Tunes og Bombeklüchter! Årthundrets program er dermed komplett! Halleluja!

– Dette programmet er so heilstøypt at det får Hemsedalsfjellet til å framstå som direkte vaklete, seier ein oppglødd Lars Tore Skau i ein svært viktig faks!

– Med dette programmet er vi endeleg der vi vil væra, seier ein for anledninga ulasteleg antrukken Per Christian Grov på esperanto.

– Eg berre går og leitar etter ein brødristar, eg, seier ein kamplar Gunnar Husabø i ein aviskommentar tilsølt med Farris m/ ein dråp lime og koriander.

– Sakleg lineup i år. SAKLEG! seier ein nedringt Håvard Ese Eliassen i ein velformulert epost.

Lineup Fres Festival 2013 vert dermed slik. Det er nesten ikkje til å tru:

Lineup Fres Festival 2013

Lars Vaular
Black Debbath
Real Ones
DJ Ralph Myerz
Phil T Rich
Kid Astray
Dråpe
Sweden
O. Martin
Electric Eye
Meta Forever
nrwy
The Sweetest Thrill
Canoon
TYYL!
Drusar
Boo Tunes
Bombeklüchter

Billett? Her kjøper du billett!