philt

Årets Urørt til Fres Festival 2013!

Årets Urørt – Phil T Rich – gjestar årets Fres. Det same gjer Dråpe, Canoon, Meta Forever og ikkje minst husbandet TYYL! Klassisk smørbrødliste!

Phil T Rich

Då er det klart for murfet hiphop på årets Fres! Phil T Rich, den velkledde vinnaren av årets Urørt på NRK P3 tek nemleg turen til Fresvik i sommar! Som ein del av det ekstremt dynamiske BAWS, har Phil T Rich det siste året sigla opp som det aller hottaste kortet på den norske hiphopscena. Med EPen “Kom så tok færdhii!” og den Urørtvinnande singelen “Gal” i lomma vert Phil no det hottaste kortet på ei anna scene, nemleg hovudscena på Skausgarden. Bawesome shiiiiiiiiii!

Dråpe

Med ei blodfersk plate, Canicular Days, i bagasjen set også shoegazarane i Dråp nasen mot Fresvik og Fres Festival til sommaren. Oslo/Kristiansand bandet Dråpe har med sin karakteristiske dramumepop verkeleg komme i siget det siste året. Ikkje berre er dei klare for Fres Festival, dei er også booka til dei mindre, men rett så trivelege, festivalane Roskilde og Øya. Berre å gleda seg folkens!!draape

Meta Forever

Meta Forever spelar herleg melodisk alternativ noir-pop. Etter å ha budd på hemmeleg adresse ein eller anna plass i Oslo kommune sidan 2006, kom dei i 2012 atter til overflata med både konsertar og dei finfine 7-tommarane Emerald Mind Games part 1 og Emerald Mind Games part 2. Det er difor ein svært eksklusiv konsert du vil få oppleva når Meta Forever entrar hovudscena på Skausgarden siste helga i juli i år. Episk opplegg!metaf

Canoon

Canoon er endeleg attende på Fres! Etter å ha hatt fråvær på Fres dei siste åra, er Canoon – kølabånns ubestridte stonerkongar – endeleg attende for å gje oss nettopp det vi ønskjer oss: dødsfeite låtar om det harde livet i 1998. Dette vert ein sjeldan godbit for nye Fresarar, og for alle oss andre: good times all over again!cano

TYYL!

Treng inga nærare skilding. Du veit det vert mega!ttyyyll

Sjekk ut artistsida for meir om årets artistar, og ikkje gløym å sikra deg billett!