Fres Scene

The return of the Fres!

Fresvikjer, vener, samtidige og andre. Fres Festival er på veg til deg!

Du hugsar det så godt. Nokon hugsar det mindre godt, men dei har fått sine respektive hol i minnet fyllt ut av tagen #fres12 på Instagram. Du hugsar så godt korleis det var å komma opp på toppen av bakken opp til campen, og sjå campen breie seg ut framfor deg og tenka – “Faen. detta bli feitt!”.

Du hugsar så godt korleis det var å høyra The Four Horsemen ringa høgtida inn. Du hugsar så godt korleis det var å få Radio Fres i to dagar på rad. Du hugsar så godt korleis det var å gå inn i natta, hand i hand med den beste konsertrekka nokon gong. Du hugsar så godt, at frå ca dette tidspunktet på kvelden, så er enkelte element av handlingsforløpet noko diffust.

Men best av alt hugsar du korleis den var, den blanda kjensla av glede og melankoli du fekk på søndagen då det heile var over. Og ikkje minst hugsar du triumfen det var å seie til alle du møtte i månadane etter Fres 2012: “Eg va dar!”

Alt dette, og langt meir til, har du no moglegheita til å oppleva på ny. Og ta med ein ven då vel! Mine damer og herrar: Fres up! Fres Festival 2013 er på veg til deg.