Fresvik påske 2013

Fresvik – the apex of awesomeness!

Det er påske, og påske = synfaring, planlegging og ulik rådslagning for foreininga Fres Festival.

Hina – det er jammen bra megafint i Fresvik

Fresvik Påskeblot 2013

Fresvik byr på finvér!

Det var eit Fresvik ikledd sine vakraste og mest solrike klede som tok i mot tre representatnar frå foreiniga Fres Festival sitt politbüro. Dei hadde masse viktige ting fore, mellom anna skulle dei peike på ting og seia “hmm, denne må vi fiksa på”, “hmmm, her skulle vi bygd ei rampe” og “hmmmmm, skulle nok vore eit strøk eller to måling her ja”.

Det er altså på det reina at i år, som i fjor, er det masse som må gjerast før hordane inntek bøen til sommaren. Dersom nettopp du er ein av dei mange som gjerne vil vera med å gjera Fres Festival til den festen den kvart år er, gå sporenstreks til skjemaet der du kan melda deg som frivillig. Hurrah!

Scenetaket eig framleis!

Scene Påske 2013

Litt av ein konstruksjon – av Hov Tokvam Bygg

Få eller ingen gløymer vel det fantasktiske nye scenetaket som Hov/Tokvam Bygg smellte opp i fjor. Ikkje overraskande stod scenetaket like fjellstøtt som det gjorde då vi forlet det ein av dagane etter at oppryddinga var over i fjor. Gunnar nytta høvet til å kika på ein vegg. Han fann at veggen var i topp stand.

Gunnar ser på ting

– Koffor står den veggen der der?

Resten av kvelden gjekk som seg hør og bør med til knekka lam inn i fjeset, og til å jobba vidare med booking av artistar til årets festival. Mykje bra snacks er allreie booka, følg med på artistsida vår for dei aller siste nyehendene på bookingfronten. Og gløym for all del ikkje å kjøpa billett!

God Paasche!

1 reply

Comments are closed.