Black Debbath

Dei første banda er klare! Black Debbath headlinar Fres 2013!

Episke tilstandar då bookingavdelinga på Fres Festival i Fresvik offentleggjorde dei første artistane til årets festival!

Black Debbath headlinar!

Første headlinar ut på årets Fres er legendariske Black Debbath. Med klassiske tungrockplater som “Tung tung politisk rock” og “Den femte statsmakt” allerie ute, er dei no aktuelle med det trippelironisk meisterverket “Nå får det faen meg være rock! Akademisk stoner-rock!”. Det er heva over tvivel at denne hardtslåande gjengen frå Oslo sine austlege drabantar kjem til Fresvik for å henge folk opp etter dei proverbiale veggane med sine blytunge riff og epsike buksesleng. Det er og å forventa at dei kjem til å ta opp både betente og ukontorversielle temi, som intrikat akademia og smalahåve.

– OMGLOL! Eg kan mest ikkje tru at det er dette som er sanninga! Å få sjøvast Debbath hit til Skausgarden og Fresvik er serr feitt, seier ein farrisgulpande Gunnar Husabø frå høvesvis leiinga og revisjons- og bookingavdlinga.

Cazadores!

Men ikkje nok med at Black Debbath tek turen til Fres 2013. Det same gjer nemleg Cazadores, kjende og kjære for alle dei som lyttar til NRK Progam 3, ungdomsalibiet til Rikskringkastinga. På P3 har Cazadores i det siste blitt snurra på høg frekvens, spesielt med monsterhiten “Islands”. Her må altså sikkerheitsselar og anna tryggingsutsyr festast!

The Sweetest Thrill!

I tillegg kjem P2-favorittane i den bråkete duoen The Sweetest Thrill! Sweetest kjem med sitt trommesett og sine gitarar for å levera lange suggerande, dronete riff som garantert kjem til å velta veg utover bøen på Skausgarden. Med i bagasjen har dei strikkagensar og plata Jewellery. Sjå opp for Borgund bak trommesettet!

Drusar!

Som om ikkje det var nok, tek dei breibente sunnfjordsrockarane i Drusar for å visa oss korleis ein eigentleg skal føra ein gitar! Monsterhiten “Tresken” frå deira seinast skive Råkk å Råll har for lengst teke turen ut av Førde og til heile vestlandet. Alle som vil kan slå opp i ein av sine favorittleksika under “rock”, og fastslå at dei der kan sjå eit frekt bilde av Drusar.

– Episk start på lineupen! Dersom resten av lineupen blir lika bra, trur eg jammen eg lyte ta meg ein ekstra kaffi heilt på tampen av lønsje, framheld festivalkontreadmira Lars Tore Skau i ein kommentar.

Og billetten din kjøper du her.