Wooop! Ny hovudscene!

Ronny og Ole Håkon frå Hov Tokvam Bygg har ikkje høgdeskrekk!

Som dei aller mest observante som har vore innom Skau dei siste dagane allereie har fått med seg, er det altso blitt bygd ei ny og heilt fantastisk hovudscene. Scena er ein veritabel limtrefest, bygd av heiderskarane og fresvikjene Ronny Hov og Ole Håkon Tokvam. Fres Festival står i takkegjeld av greske proporsjonar til dei begge.

 

Ridin´ high på taket: Hov Tokvam bygg!

Takk også til Vik Elektro og Higsoft Solutions for at dei støtta oss med kontantar til å shoppa byggevarer for, og til Gunnstein Sæterlid for kompisprisar på slike.

2 replies
  1. Anne
    Anne says:

    Digg scene! Men eg har sett litt på værmeldingane, og det er jo meldt regn…kva skjer då? Blir det partytelt eller noko nokon plass?

Comments are closed.