Ting skjer på Skau! Festivalblogg numero quatro!

Det tikkar stadig vidare mot festival, og den alltid hardt arbeidande leiinga og deire kumpanar har dei siste dagane hatt masse ulikt ditt og datt å henga fingrane i. Det har mellom anna gått i grunning av skilt, ringing av telefonar, skaffing av chaffeurar og tilhengarar osv osv osv.

Fres Festival - tilhengarar av posering! Takk til Øyren!

Tirsdag går turen til Voss for å plukka opp byggegjerder. I det høve har vi vore so heldige å få låna produktbilen, Ole Håkon the driver og boggien til Øyren. Ein stor takk til alle!

Stabburet står framleis! Hoo hoo!

Her er jammen eit bilde av det gamle stabburet og den endå eldre Camp Stage.

Blir aldri lei av denne utsikta!

For ordens skyld legg vi ved eit bilde frå Fresvik, til glede for nye lyttarar!

1 reply

Trackbacks & Pingbacks

Comments are closed.