På Fres for fyrste gong? Her har du nokre tips!

Blir aldri lei av denne utsikta!

Her kjem eit knippe gode råd for deg som ikkje har vore på Fres Festival før. Dei same råda gjeld forsovidt for dei som har vore på Fres før, men dei veit jo alt dette frå før av.

Klede
Ta med deg godt med klede. Vi bur i Noreg, og sjølv om det alltid er godt vêr på Fres so lyt ein ikkje gløyma at få eller ingen land kan hosta opp ein meir skuffande sommar enn vårt eige. I tillegg kjem klokka sikkert til å verta både eitt og to før du kjem deg i seng, så her gjeld det å ha med seg ein ekstra gensar eller noko slikt.

Mat
Du må eta, ikkje berre drikka. På dette området legg festivalen opp til at ein kan ta med seg den maten ein sjølv vil. Det er strengt forbode med eingongsgrillar på festilvalområdet, men vi stiller opp med digre kommunale grillar, med dertilhøyrande grillmeistar, som alle kan bruka til å snika ein lonk i burgaren eller sommarkoteletten sin med. Ta altso med mat sjølv. I tillegg til dette, kjem Vikja til å selja ferdig grilla grillmat til visse tider av døgeret.

Fres Festival brukar Bui i Fresvik til alle sine store innkjøp av mat og andre festivalbehov. Vi oppfordrar alle til å ta ein tur innom bui, og kjøpa alt dei måtte komma over av interssante kupp. Kva med å kjøpa ein frekk Fresvik-caps med heim til far? I samband med årets festival kjem Bui til å ha søndagsope.

Drikke
Fres Festival har ikkje sal av brus. Du må difor ta med deg all den brusen du har tenkt å drikka sjølv. Dersom du drikk mykje brus, er det vikitg å i tillegg drikka mykje vatn. Det er tilgjengeleg goggavatn på campen.

 

Konsertar
Fres Festival er ein musikkfestival. Det er difor vi er her, folkens! Når band spelar er ein framfor scena og lever livet!

Pengar og ting å bruka dei på
Vi kjem til å ha tilgjengelege kortterminalar for betaling med kort i både merch og billettbua, men ta gjerne med ein del kontantar då det ofte vert lange køar dersom alle skal betala med kort. Det kjem i år som tidlegare år til å vera rikeleg med frekk Fres-merch tilgjengeleg, så her er det berre å spende til hovudet fell av.

Framferd
Festival er gøy, så pass på å ha det gøy. Ver ein fin fyr. Ikkje ver ein dritfyr fordi dét er det ingen som likar. Dersom du er i ferd med å verta ein dritfyr, forlat området umiddelbart.

Avtrede
Til sist ei lita opplysning til glede for nye Fresarar: mannamig skal i bølgjeblekken, mannalorr ska i festivaldassane. Jenter: både 1 og 2 i festivaldassane.