Nye dassar under oppsegling! Brought to you by Fargerike!

Ingen Fres utan ny fresh dekor på dassane, slik vert det i år og! Fargepaletten har sjeldan passa betre til føremålet.

White gives way to brown. 2010 sin fargepalett er i ferd med å verte erstatta av årets.

I år, som i forforfjor, forforforfjor og forforforforfjor har vi vore so heldige og fått ein del liter måling frå Fargerike i Sogndal. Butikksjef og generell goodguy Stian Bakketeig har personleg brekka og stilt måling til vår disposisjon. Som dei aller kvassaste har fått med seg, er Bakkteig i tillegg gitarist i Vreid. Dobbel kudos og takk der altså.

Fargerike - dei sel måling og shit!

I skrivande stund er fargepalletten frå 2010 i ferd med å gje tapt for en brune tsunamien som er årets fargepalett. Dersom det ikkje er din humor, så skjønar vi ikkje noko som helst.

Det er også kjøpt inn metervis med toalettpapir av ypparste kvalité, så her skulle det berre vera å lena seg attende og gleda seg til å føra av.

2 replies

Comments are closed.