PC på kjøkenet

Let the games begin – festivalblogg numero tres!

Høgt skydekke og lett regn prega dagen då to representantar frå leiinga for den serr uavhengige musikkfestivalen Fres Festival laurdag middag inntok festivalbygda Fresvik. Det er visst no det byrjar, seier dei gamle. Det er frå og med no den verklege planlegginga av Fres Festival tek til!

 Ut over dagen vert det knallhard jobbing med planlegging, orging, ringing av telefonar, eting av friterte poteflak med ekstra transfeitt. Her er det altso berre halda seg fast folkens! Leiinga lovar intens blogging og generell sellout på sosiale media.

Ein knallhard dag på framfor pc for PC

Det går og rykte om at det er #flakadans i bygda i dag, noko som borgar for at her kjem mykje til å verte gjort i morgon.