Jobbe jobbe jobbe jobbe! Festivalblogg numero seis!

 

Ronny og Ole Håkon frå Hov/Tokvam Bygg mekkar scene. Hov øverst.

Då er omsider Fresveka her, og arbeidstempoet på Skausgarden har blitt skrudd til yttelgare eitt knepp. Med stadig bertre vêrmeldingar, ligg årets Fres an til å verte meir whoop ass enn nokon gong!

Fleire dassar er komne på plass og har blitt farga herleg brune, og Ronny og Ole Håkon frå Hov/Tokvam Bygg har vore innom og ferdigstilt det nye scenetaket. Årets samling av ulike typar festlege skilt er i ferd med å verta ferdige, og her om dagen var ein svært kapabel arbeidsgjeng frå IL Modig og Syril innom og fekk sett opp metallramma rundt festivalområdet. Arbeidstempoet er altso høgare enn nokon gong!

Class A work crew! IL Modig bak, Syril framme.

I tillegg vert det ein del mediehandtering dei neste dagane. Tirsdag vert LT og PC å høyra i høvesvis morgonsendinga til NRK Sogn og Fjordane (kl 0800) og i Kulturhuset i P2. Sistnemnde show vert med Fres-aktuelle Grand Island live i studio. So her er det berre å tuna in på FM bandet!

Vi sjåast! God Fres!