Hear ye! hear ye! Radio Fres returnerar!

,

Ei av dei største og beste nyhendene sidan taco dumpa natt til laurdag ned i fanget på den uanvhengige musikkfestivalen Fres Festival i Fresvik. Då kom nemleg meldinga om at det vert RADIO FRES på årets utgåve av Fres Festival! Radio Fres kjem i år, som tidlegare år, til å ha direktesendingar direkte (!) frå camp stage nord-nordvest for hovudscena.

Ein årdøl, ei kaups!

Nytt av året er at det vert Radio Fres i to (2) heile dagar, i og med at festivalen som dei aller snøggaste bilane i garasjen no har fått med seg, er utvida med ein (1) dag. Det er framleis Mandlar Kvalvik, årdøl og fotballkommentator, som er general og feltmarskalk for Radio Fres. Årets sidekick vert ingen ringare enn Kristin Strikkavestreim, kjent frå Kaupangerskogen og produsentstolen i NRK si ungdomssatsing Program 3. Det skulle altso ikkje sjå ut til å skorta på korkje fotballkompetanse eller ungdomelegheit på årets Radio Fres.

Radio Fres kjem som alltid til å behaga publikum med laus snakk, utlodding av utdaterte Fres-artiklar og avspeling av “Årdalskasetten” som Sparebanken i si tid ga ut.

Den som ikkje gler seg kan ta seg ein telefon!