Gunnar held eit lass byggegjerder. Det er ingenting for ein revisor som han.

Byggegjerder til gards! Festivalblogg numero cinco!

Som nemnt i eit tidlegare innlegg på festivalbloggen, gjekk mandagen sin heilskap med til å henta eit lass byggegjerder på Voss. Byggegjerder dannar ei triveleg metallisk ramme rundt festivalen, og vi har vore så heldige å få låna oss eit lass frå Spilde AS på Voss.Stor etterspurnad etter byggegjerder i distriktet medførte at vi i år måtte kika til nabofylket for å få fat i slike.

Douchebag Transport AS klare til avgang frå Fresvik

Dagen starta feiande flott, og vi forlet Fresvik i 11-tida med to bilar m/hengar og den feiande flotte lastebilen til Fresvik Produkt. Bak rattet på den trufaste Hino Econo Dieselen sat sjølvaste Ole Håkon Tokvam, som har alle tilgjengelege bokstavar i førarkortet sitt.

LT, PC, Gunnar og Ole Håkon framfor ein fullasta produktbil

Etter noko om og, ein heil del men, fann vi omsider fram til Spilde AS sine byggegjerder, og vi fekk etterkvart lessa dei opp på Produktbilen. Alt såg såre vel ut, og vi sette kursen mot Hydrotexaco på Skulstadmo for ein betre amerikanskinspirert handholdt middag.

Gunnar held eit lass byggegjerder på eigahand. Det er ingenting for ein revisor som han.

Etter middag fekk vi litt utfordringar med å sikring av lasta. Vi tok problemet ved rota, HMS er eit prioritert område for den uavhengige festivalen Fres Festival, og sette fleire kvadratmeter klut inn på å få på få ting på stell. Etter litt vinsjing, lågseriekøyring og generell grubling, kom vi oss etterkvart på vegen att.

Ole Håkon to the rescue!

 

Halve Fresvik stiller opp når det kjem byggegjerder til gards!

Litt over kl ni om kvelden rulla Produktbilen inn på Skausgarden der eit crew med Fresvikjer stod klare til å lossa. Alt i alt ein king kong dag, logistikkmessig og på andre måtar. No har vi berre halvparten av byggegjerda igjen å henta, og dei reknar vi med å få frakta til tuns i løpet av veka.

Ein megastor takk går ut til Ole Håkon Tokvam som både var chaffeur og personfiseringa av tolmodet denne dagen.  Stor takk óg til alle som stilte opp og hjalp oss med å lossa produktbilen, og til Fresvik Produkt for at vi fekk låna den.

Stay tuned!

1 reply

Comments are closed.