Nett inn: DJ RALPH MYERZ TIL FRES 2012! Ja, caps lock på den der, blir megafeitt!

Fres 2012 kan gledeleg meddele at bonanzaet kjem ingen ende til å ta på Skausgarden siste helga i juli. Me har klart å få sjølvaste Ralph Myerz til Fres! Dansefoten skal få gjennomgå på den mest fresepiske laurdagen i frestoria!

Sjekk lista over folk som har samarbeida med denne fyren: George Clinton, Snoop Dogg, Devin the Dude, Talib Kweli,  Diana Ross & the Supremes, Scissor Sisters, R Kelly, Christina Aguilera. Og no kjem han til FRES 2012!!!

“JAJAJAJA!” kjem det frå ein oppglødd festivalsjef Håvard Eliassen. “No har me skote den proverbiale gullfuglen”. Ikkje før festivalprogrammet var tettpakka med eliten av norske artistar kjem altså Fres og leverar ei gavepakke av dimensjonar til verdas beste festivalpublikum.

Herr Myerz seier sjølv at han kjem til å “levere ett forrykende djset spesialdesignet for både føttene og hjertet”. Nice! For deg som festivaldeltakar tyder dette at du må øve inn special dancing skills, for Ralph Myerz går på etter Souldrop laurdag 28.juli.
“Timesvis med dancing, nett slik eg likar det” seier Eliassen frå flyet til Grekenland, der han skal lade opp før hektiske veker i Fresvik.

Med over 400 000 solgte plater og turnering verda over er det liten tvil om at Ralph Myerz har skillza som høver seg ei julinatt i Fresvik.