Vaflorama på kaien i Fresvik! Festivalblogg numero dos!

Good day, sir! How may I help you today?

Finveret meldte sin ankomst samstundes som leiinga i den uavhengige musikkfestivalen Fres Festival rigga seg til med kaffi, vafler og billettsal utafor Bui i Fresvik!

Ta da piano, alle får!

- Går alder av vegen for ein kaffikopp, karar! Reidar 12. mai 2012

Vafler = godt!

Shoppande fresvikjer fekk seg ei triveleg overrasking då marknads-og billettavdelinga på Fres Festival diska opp med vafler, kaffi og billettar på kaien i Fresvik. Folk troppa opp og sikra seg ettertrakta billettar til årets festival, ein hyggjeleg prat, ein vaffelados og ikkje minst ein skvett klassisk traktekaffi i koppen. Slett ikkje å forakta nokon av delane, og ekstra triveleg i det fine veret som smykka Fresvik sin velkjende skyline.

Billettsalet går strykande

Pengane sat laust hjå festival-lengtande fresvikjer, hvis verste marieritt må vera å ikkje sikra seg billett til årets store hending. -Gje meg tre billettar! sa folk.  – Her, tareg ei vafla óg, kom det snøgt frå ein kredibelt solbebrilla Lars Tore Skau.

Bui: dekkar alle dine festivale behov og meir.

Som vanleg nytta leiinga i Fres Festival høve til å shoppa på Bui. Fres Festival anbefalar og oppmodar alle som skal på Fres om å legga all si shopping hit. I all sin visdom, la billett- og marknadsavdelinga samstundes att ein del billettar for sal i Bui, slik at frevikjer og andre tilreisande som endå ikkje har sikra seg billett kan få kjøpt seg ein her. Good times! Dei som ikkje har høve til å komma til Fresvik for å sikra seg ein billett kan framleis skaffa seg billett på INTERNETT!

Neste stopp for leiinga er no å synfara sceneområdet på Skau, og finna ut kva som må gjerast. Detta bli feittolini!

1 reply

Comments are closed.