Dagsprogrammet er klart!

Lokal torsdag, hipsterfredag og rockelaurdag på årets Fres! Her kan du sjekka ut kva for band som spelar på kva for dag.Jess då var det klart, dagsprogrammet på årets Fres vert som følgjer. 

Torsdag

Torsdagen vert det den store lokale-band-dagen. Då vil du få oppleva Tyyl!, The Generous Days, Monstereo, og Highasakite. Sistnevnde er eit lokalt band i Oslofjørao.

Fredag

Fredag vert ein dag i hipsterens teikn, så her er det berre å flekka på seg wayfarers utan styrke og stripetoppar. Dei nominerte er The Samuel Jackson Five, Ungdomskulen, Honeybadger, The Megaphonic Thrift, Baertur, Harrys Gym og Grand Island. Litt rock vert det altså plass til og.

Laurdag

Laurdagen vert det meir rock! Det er heller ikkje fritt for at det vert litt dancin! på Skau denne avslutningskvelden. Laurdag byr på følgjande: nrwy, Super Unicorn, Vreid, Avind, Bloody Beach, El Doom and the Born Electric og Souldrop.

Komplett program med speletider og det heile kjem når festivalen nærmar seg. Festivalen kjem til å opne kl 18:00 på torsdagen, kl 16:00 på fredagen og kl 16:30 laurdag. Sjå fram til tre dagar med masse megabra musikk! Fres Festival tek som alltid atterhald på ting, so også mot endringar i programmet. Peace!

Sjå programmet i eit meir delikat grafisk snitt her. Og gløym for all del ikkje å kjøpa deg ein billett.