Artistslepp-o-rama: Vreid, Grand Island og Bloody Beach

I serien av sensasjonelle nyhende frå heimbygda til Mensen Ernst kjem no ei bombe av dei sjeldne: Innaføringane i det internasjonale metallorkesteret Vreid kjem til Fresvik! I tillegg returnerer Grand Island, og bergensbandet Bloody Beach gjestar Fres Festival for fyrste gong!

Lineup-festen på Fres Festival held fram! Med bekreftinga av Vreid, Grand Island og Bloody Beach tek det no verkeleg til å lukta bacon av den smått uavhengige musikkfestivalen Fres Festival i Fresvik. Den musikalske buffeten i år kjem til å innhehalde noko for kvar ein gane, det vera seg metalganar, rockeganar, festlege dancerockganar eller berre ganar.

Med desse tre siste skota på stammen til det som vert eit konsert-tre Fresik ikkje har sett maken til sidan sist Fres Festival gjekk av stabelen, er vi megasikre på at årets Fres vert den beste nokon sinne. Langtidsvarslet melder sol, grillvarslet melder kotelett, goodtimesvarslet melder full gass på alle frontar og musikkvarslet melder utelukkande feite konsertar!

Mine damer og herrar, gled dykk! Og kjøp deg for guds skyld ein billett!