Artistslepp-o-rama del 2! Harrys Gym, El Doom and the Born Electric, Samuel Jackson 5, Highasakite, Avind, Super Unicorn og Honeybadger! Alle er dei bekrefta til Fres 2012! Lite lange overskrift!?

Artistbonanzaen vil ingen ende ta! Nok eit knippe høgkvalitetsartistar er bekrefta til Fres Festival 2012!

Ta med gymbag

Det tek verkeleg til å svinga av programmet på årets Fres Festival! Harrys Gym, eit band som frekventerar tett på NRK P3 og har blitt hylla av norsk og internasjonal presse, er no bekrefta til Fres 2012. Deira tredje album er rett rundt hjørnet, og fyrste singel “Horses” har allereie fått mengder merksemd og radiospeling. Med eit eineståande lydbilde og låtar som ein aldri blir lei av er dette lett ein av dei beste bookingane som er gjort av Fres.

Eit anna popfenomen som tek turen til Fresvik er Highasakite. Med to snasne singlar som har fått god rotasjon på program tre, og speling på Noregs viktigaste festival, byrjar ting verkeleg å rulle for elektronikapopgjengen i Highasakite. Forutan på Fres er dei å sjå på mindre festivalar i sumar, som Hove og Øya.

Prog revival!

El Doom and the Born Electric, fronta av Ole Petter “El Doom” Andreassen kjent frå mellom anna Black Debbath og Thulsa Doom, kom i vinter med sitt sjølvtitulerte og debutalbum. Albumet har fekk kritikarane til å trilla yatzee i høge tal, og mange framheldt at albumet åleine har revitalisert ein heil sjanger; progrocken. El Doom and the Born Electric kjem til å levera ei kraftpakke av 70-talets gitargleder, blanda med moderne metal-element. El Doom and the Born Electric er den beste nyheita på musikkscena sidan King Crimson ga ut plata Red i 1974, seier ein ivirg Lars Tore Skau som ikkje heilt greier å fatta kor mange høgkvalitets band som kjem til å spela i hagen på familiegarden hass i sommar.

Postorck galore!

Samuel Jackson 5 går for å vera det mest postrockete bandet sidan skilpadde. SJ5 spelar herleg instrumentell rock eit stykke nedi Motorpsycho-gata, eit strøk av byn vi altso må lika. Med seg på Fres tek Samuel Jackson 5 nytt album og ein nyleg avslutta europaturne.
– Samuel Jackson 5 vert epifenomenalt, seier ein metafysisk orientert Lars Tore Skau i ei pressemelding.

I tillegg til desse banda, kjem også Avind, det nye nynorsk-indie bandet til mellom andre gitarist og lærdøl Gudmund Schnellhand Bolstad Skjær. Avind tek med seg rykande ferskt materiale til Fresvik.

Ja forresten, i år har Fres klart å lokke ein vaskeekte amerikanar til Skau. Tidlegare trommis i indiebandet Okkervil River trappar opp med ukulele og drar låtar om Texas i sitt nye soloprosjekt Super Unicorn. Sjå der, internasjonal festival plutseleg.

Økonomi-, revisjon og billettavdelinga på Fres Festival kan elles melda om at billettsalet går strykande. Ein må altså ikkje venta for lenge, og dermed risikera å gå glipp av det som ser ut til å verte ein musikkfest Fresvik aldri har sett maken til.