The Generous Days m/vener – EKSKLUSIVT, 1 NIGHT ONLY!

,

The Generous Days klare for Fres!

Eit halvt år før dei ga seg, ga dei tilhøyrarane i Fresvik ei oppleving det går tale om framleis, innad i bandet. Dei hadde alt; bart, bil og brunetter, men då dei nådde noko som kunne minne om ein topp ga dei seg. Kvifor? Kunstneriske usemjer seier nokon, unødvendig korte cutoffs vil andre seie. Men no, gode to år etter brotet står dei tre sogningane og den eine nordfjordingen på scena som skapte dei til det indresogniske og ein-del-av-nordfjordske popfenomenet dei ein gong var(eller kunne blitt); Fres Major.

Med seg i gitarkassene har dei eit vell av popperler me alle nynna til på slutten av forrige tiår. “Nanana na na nanana”, det treng ikkje vere vanskelegare enn det.

Dette er den einaste konserten TGD kjem til å gjere, nokonsinne. Så om du vil få på nynning så bør du sikre deg ein billett før det går tomt!

Kjøp billett no!

 

3 replies

Comments are closed.