Planlegginga er i gang! Festivalblogg numero 1 (uno)

Endeleg er leiinga på plass i Fresvik for planlegging av festival og løysing av generelle verdsproblem. Lite er gjort, og mykje må gjerast.

Hmmm, henta du vinsjen elde?

Hmmm, henta du vinsjen elde?

Det skulle altså dra seg forbi påskehøgtia, med alt den krev av pønt, før leiinga skulle greia å komma seg til Fresvik og Skausgarden for den første og skjellsettande planleggingsrunden. Historisk sett har denne seansen vore prega av synfaring, peiking på bygningar, strategisk medieposisjonering, skriving av talentlause bloggar og landing av lyr. Denne gongen skulle visa seg å ikkje fravika dette mønsteret i nemneverdig grad.

Nytt hus til venstre, ny haug med stein til høgre. Feitt!

Slikt å driva med
Synfaringa på festivalområdet bar bod om mykje godt arbeid i vente. Ting hadde velta i den mykje omtala stormen som eg ikkje hugsar nevnet på, og steinurer var å finna rett til høgre for Fres Major (aka scena). Men gode nyheiter var óg å finna; Fresvik har fått seg nytt tak over bensinpumpa si, og Gunnar Husabø (mannen og mystikaren) viste seg å framleis å vera ein del av festivalleiinga.

Gunnar går ut av bilen Skausgarden

Easy guys, I got this!

Pump it up! It be new nshiii!

 

 

 

 

 

 

 

 

Leiinga skal no setta lambaler i livet, laga ei lang liste over ting dei må gjera, ta eit par viktige avgjerdsler og ringa litt rundt. Med litt hell, vert det festival i sumar. Vi snakkast!

Yo dawg!


2 replies
  1. Terje Ljøstad
    Terje Ljøstad says:

    Eg vil bara nevna at det var eg som stod og fyllte bensin da lynet slo ned i lyktemasta som stod mellom de 2 pumpene som stod der før nye taket kom på plass! Ut av sokkelfestet Fres(te) det ein flammegnist som strakte seg heilt bort til buksebenet mitt! Det var den dagen eg blei Fre(l)s(t)!!!!! Oppsummering! Med denne lynlederen (lyktemasta) borte er det i dag ein relativt trygg sport å fylle bensin og diesel i Fres(vik).

Comments are closed.