Hot damn! Dei første banda er klare!

Souldrop, The Megaphonic Thrift, Monstereo, Ungdomskulen, TYYL!, Baertur og NRWY er klare for Fres Festival 2012. Og flerie er på veg!

Jess folkens! Då er det eit faktum. Fres Festival er ein festival der band spelar! I denne første batchen med band finn du noko av det frekkaste som musikknoreg kan tilby om dagen. Heftig elektro frå Souldrop, herleg bråkete rock frå The Megaphonic Thrift, funky triorock frå Ungdomskulen, fersk groovy spacerock frå Monstereo, breibeintheit frå TYYL, elektrifisert popadoodl frå Baertur og ikkje minst beint fram bra musikk frå NRWY.

Dette er berre starten på kva som kjem til å komma til Fresvik i sommar. Følg med på eit internett i nærleiken av der du bur. Stay tuned, stay true, stay ståande!

2 replies
  1. Terje Ljøstad
    Terje Ljøstad says:

    Ta kontakt med Vidar Aas på Shabby Records i Haugesund og hør om ikke han “bassar” i et band, eller har et lokalt (HGSD/ Omegn)band i tankane som kunne tenkt seg en tur opp til naturskjønne Fresvik!!!!!!

Comments are closed.