Game on!

Vener, Fresvikjer, samtidige og andre!
Det er i stunder som dette det er freistande å snakka om mytiske fuglar. Men slik pompøsitet skal vi ikkje rota oss bort i. Ikkje ved dette høvet, i alle fall. Men som de alle har skjøna til no: Fres Festival er attende! Attende for å bringa telt, brus, grill og musikk til Fresvik nokre solsteikte sommardagar seint i juli. For det er det det handlar om denne sommaren óg folkens! Det er det, det er det det er.

Sjølv om Fres Festival var på ferie i fjor, så er den altoppslukande ideen om Fres framleis den same. Og denne ideen er vi alle deltakande i. Vi skal tilbringa ikkje, to, men TRE (!) dagar til ende med alle våre beste vener, medan vi let oss overausa av heilfrekke band frå fjærn og nær, mest nær. Vi skal tusla rundt på bøen i tryg forvissing om at bølgjeblekket aldri langt unna, og at det einaste seriøse motbakkeløpet i landet finn stad akkurat her. Vi skal bada i fjorden, og bada oss i dei bratte fjella som sublimt omkransar Fresvik og festivalområdet. Til sist skal vi drikka vår skål, og feira, vel vitande om at det går heilt fint å gå på festival  Fresvik. Det står fjellstøtt på si eiga urimelegheit. Stort frekkare vert det ikkje.

Mine damer og herrar: douche down, Fres Festival er på veg.

Eilert skal på Fres
[FMP width=”640″ height=”360″]http://www.fresn.no/wordpress/wp-content/uploads/IMG_0890.mov[/FMP]