Fresaktuell lærdøl arrangerer hasardiøs festival i by’n

Fres festival anbefaler slike


Lokalavisa i Bergen rapporterer at Knut Lysne, festivalgründer og vokalist i punk- og raggarbandet Beinkjør, set høge mål for Hål in the sko på Inside denne helga.

Lærdølen seier til avisa:

…vi håper å unngå dødsfall. I fjor var det et under at vi ikke brente ned hele stedet. Vi kastet seksti dassruller ut fra scenen. Det var levende lys der. Vi hadde overhodet ikke tenkt på brannfaren.

Fres ynskjer Lysne og kumpanane hans (mellom anna fleire kjende Fresfjes) lukke til. Samtidig vil vi understreka at det ikkje blir nokon open eld i Fresvik utanfor regulert grillområde, der grillchef Kristian er gjeven vide fullmakter for å handheva branntryggleiken.

Fres affiliert slapp etterlengta album på hipp konsertscene inni Oslofjørao

Stor åtgaum då Canoon frå Kølabånn spelte for massane på Café Fiasco

Det var til tider eklektisk stemning då Kolbotn sine prodigale søner, Canoon, hadde releasekonsert for den mykje omsnakka fullengdaren Dark side of Canoon, på den trendy og smakfullt innreidde konsertstaden Café Fiasco inni Oslo. Testikulærrockarane i Canoon serverte smakebitar frå den nye plata, i tillegg til gamle klassikarar frå tidlegare utgivingar. Alle som er nokon som helst var til stades denne kvelden. Les meir