Live blogging frå Skausgarden

Finst det nokon betre stad å tilbringe sommaren enn Fresvik? Truleg ikkje.

Opptrappinga til festival er i gong, noko som inneber intens synfaring, telefonering og spekulering på om infrastrukturen på garden er robust nok for å tole endå eit år med festival. Sidan måndag har representantar frå arrangørane vore til stades på Skau, og me kan melde at alt ligg til rette for at det blir festival i år også.

Tidlegare i veka vart det uttrykt bekymring for at medarrangør Grov har lagt ut på ein hasardiøs kajakktur i Sognefjorden, men så langt ser det ut til at han overlever dette. Arrangørane er altså snart fulltallige på Skau, og for dei som tilfeldigvis er i området er det berre å stikke innom. Og dersom de ikkje har anna å gjere, vil me instendig oppfordre at de melder dykk frivillig til å ta i eit tak. De vil få løn i himmelen, samt ei T-skjorte, dersom de stiller opp som vakter.

Dersom Ronny, Øyvind eller nokre av dei andre heidersmennene frå Fresvik les dette; gidd de byggje ein andreetasje på lydbui?

Me vil vidare nytte høvet til å gi kudos til produsentar av hermetiserte produkt. Ingen lappsodd, ingen Fres.

Til glede for nye lesarar; her er oppskrifta på lappsodd:

1 boks sodd
1 boks flytande lapskaus

Bland saman i ei gryte og set på middels varme til lappsodden er passe varm. For ein ekstra piff, hiv oppi nokre cashewnøtter.

Fresn presenterer: MAT

5 replies

Comments are closed.