Det nærmar seg den tida av året igjen, den tida då dei mykje omtalte fresdassane skal målast i årets farge- og designprofil. I år, som i fjor, har Fres Festival i Fresvik vore so heldige å fått sponsa nokre flotte spann med måling frå den nytenkande sjappa Fargerike i Sogndal. Fres Festival vil gjerne retta nymåla takk til butikksjef, gitarist, idealist og generell velgjerar Stian Bakketeig for denne herlege sponsinga. – For ein filantropi, seier ein oppglødd Gunnar Husabø i ein kommentar. Fres Festival nyttar og anbefalar Fargerike!
