Fres Festival vert gjort fargerik av Fargerike inni sogndalsfjørao!

Hina, her vertera maoling kara!

Det nærmar seg den tida av året igjen, den tida då dei mykje omtalte fresdassane skal målast i årets farge- og designprofil. I år, som i fjor, har Fres Festival i Fresvik vore so heldige å fått sponsa nokre flotte spann med måling frå den nytenkande sjappa Fargerike i Sogndal. Fres Festival vil gjerne retta nymåla takk til butikksjef, gitarist, idealist og generell velgjerar Stian Bakketeig for denne herlege sponsinga. – For ein filantropi, seier ein oppglødd Gunnar Husabø i ein kommentar. Fres Festival nyttar og anbefalar Fargerike!