This just in! To nye band bekrefta til namngjeten festival i Fresvik!

Programmet nærmar seg komplett!

Mmmm

Leiinga frå seg i baconlukke over nybookinga!

Jubelen stod i taket ved bookingavdelinga til den uavhengige og joviale festivalen Fres Festival då det vart klart at Blackroom og Center of The Universe tek turen til Skausgarden i sommar.

Tysdag kveld vart det nemleg endeleg klart at to nye band kjem til Fresvik og Fres Festival siste helga i juli. Blackroom, tidlegare kjende som Lorraine, er eit ekstremt hipt bergensband som spelar elegant og kjølig elektronika med høg synthføring. Center of The Universe på si side, er eit intergalaktisk musikkprosjekt som spelar festleg mulitdimensjoær pop med like delar arabarkredd og proglefling. I tillegg er dei frå sjølvaste rikshovudstaden, aka Oslofjørao.

Med desse to nye skota på årets lineupstamme nærmar årets program på Fres Festival seg komplett. Det var difor ei oppstemt festivalleiing som møtte pressa framfor Fres HQ i Fresvik.

– Med Blackroom og Center of The Universe har vi no sett i hop eit program som inneheld noko for alle og ein kvar. Her er alt frå testikkelrock til ny-bricolage hiphop til meir rock igjen. Med andre ord, mykje moro for heile familien. Dette programmet er utan tvivel eitt av dei beste programma Fresvik har sett på lang lang tid, og vi ønskjer alle hjarteleg velkomne til ei frekkashelg på Skausgarden i slutten av juli. Hugs å ta med kjøt, oppmoda ein velkledd og opplagd Lars Tore Skau frå festivalleiinga.

2 replies

Comments are closed.