To nye band bekrefta!

The Alexandria Quartet og Koppen tek turen til Fres Festival 2010

Sjokkbølgjene etter nyhenda om at Tim Fancy tek turen til Fresvik i sommar hadde knapt nok sleikt fjøresteinane då nok ei bombe av eit bookingskup slo ned i HQ på Skausgarden.

The Alexandria Quartet

The Alexandria Quartet

Det er med stor glede at bookinggruppa på den nytenkande fetivalen Fres Festival i Fresvik kan melde at to nye band er klare for årets festival. Frå Bergen/Haugesund/Austlondon tek The Alexandria Quartet turen, for å behaga det etter kvart godt vande frespublikummet med ei frekk blanding av klassisk pop og rock.

The Alexandria Quartet, og då meinar vi bandet og ikkje romanserien, har i vinter hengt ut i LA og spelt inn det som skal vert deira andre fullengdar. Dei har dei siste trefire åra turnert land og strand rundt, i landet, i UK og på kontinentet. Vidare har nok  den observante lyar har nok fått med seg låta The Dark Side of The Blues, som har fått mykje speletid på rikskringkastinga sin meir ungdommelege kanal Program 3.

Koppen

Koppen

Som om ikkje dette er nok, kjem også det monstrøst kredible bricolage-hiphop-bandet Koppen over fjellet frå Oslofjørao. Koppen, som er street-alibiet til det joviale vriompeis- og litt.vit.-grammofonselskapet Metronomicon Audio, tek med seg gamle hits frå deira to siste fullengdarar, og truleg ein del hits frå si kommande plate.

Som seg hør og bør vart det kalla inn til ei høgtidleg pressekonferanse i samband med sleppet av desse to artistane.

- Vi er svært svært nøgde med at programmet no har vakse seg to band større! Og når det i tillegg er snakk om to sopass raffe acts som The Alexandria Quartet og Koppen, so er det nesten som om jubelen inga ende vil ta, sa ein sober men lukkeleg Lars Tore “Skai” Skau frå bookingavdelinga til det massive presseoppbodet som hadde teke turen denne natta.

Dette innlegget vart lagt inn i Artistar 2010, Fres 2010, Leiinga informerer med merkelappane , . Bokmerk fastlenkja.

8 svar til To nye band bekrefta!

  1. Kjell seier:

    Flotte greier! For ein dag. Eg held ikkje ut å gå glipp av alt dette i sommar. Tippar det toppar seg til neste sommar!

  2. Per Christian seier:

    For ein festival!

  3. 2riuz seier:

    Rått!

  4. Håvard seier:

    Pina! Lite episk!!!

  5. Siggen seier:

    feittnad!

  6. Ruben seier:

    haugesund bandet skal visst vere veldig bra ifølge ein haugesund kompis av meg, han va veldig overaska over å sjå at vetle fres hadde booka dei:D

  7. Gunnar seier:

    Der har du Fres; stadige overraskingar. Du får seie til kompisen din at han må ta turen.