Synfaring på Skausgarden

So og seia alt vel då leiinga var på synfaring på festivalområdet på Skausgarden i høgtida.

I år, som i fjor, var det knytt ein heil del spenning til den årvisse synfaringa festivalleiinga har på Skausgarden. Skjærtorsdag møttes leiinga på festivalområdet for å inspisera materiell, samt til generell rådslagning vedrørande årets festival. Etter det Nyhende sine kjelder kan opplysa, gjekk leiinga fyrst gjennom og godkjente alle festivalfasilitetane på området før dei trekte seg attende for å diskutera booking, merch, kjøt og ideologi, the notion of true coolness og andre viktige temi.
Fres Scene

Som vanleg varte rådet til langt på natt, men til alt hell var den påfølgjande dagen lang nok til at leiinga kunne kalla inn til ein ekstra lang og ekstraordinær pressekonferanse.

Kan leiinga no bekrefta at alt arbeid med å få i stand denne “uavhengige” og “kredible” festivalen, som vektlegg “lokale” artistar, vil verte utført innan siste helga i juli?

Eit godt og vanskeleg spørsmål, Kent, men samstundes eit rettferdig spørsmål som framhevar dine kvalitetar som gravande journalist og kritisk kommentator. Det er alltid mykje som må gjerast i forkant av eit slikt arrangement. Det er scener som skal synfarast, planar som skal leggast, merch som skal bestillast, artistar som skal bookast og kjøt som skal etast. Men uroa deg ikkje, Kent, denne festivalen har alltid stått fjellstøtt på si eiga urimelegheit, sa ein opplagd Gunnar Husabø frå leiinga.

Vinsj Fres

Leiinga løyste fleire praktiske utfordingar.

Det har lenge vore heva over tvil at at leiinga er godt utrusta kva abstrakt tenkning og metafysisk spekulasjon vedkjem. No visar det seg at leiinga heller ikkje er heilt på jordet når det kjem til å løysa ulike praktiske problem som ein møter i ein hektisk festivalarrangørkvardag. Då leiinga møtte opp til si årvisse synfaring på garden Skau, der den uavhengige festivalen Fres Festival kvart år vert arrangert siste helga i juli, kunne dei ta til etteretning at ein av festivalfasilitetane hadde støtt på ei vertikal utfordring. Leiinga var ikkje verre på det enn at dei tok saka i eigne hender og gjenoppretta vertikalitet for den velta fasiliteten sin del. Det er med andre ord ingen grunn til å engsta seg for at ting ikkje skal komma på stell til sommaren.

4 replies

Comments are closed.