Grand Island til Fres Festival! Cowabunga!

Dei fyrste artistane til det som ser ut til bli tidenes lineup er klare!

Grand Island

Vener av Fres, Vener av musikk! Ein dykk! Frå og med i dag er ikkje Fres Festival 2010 ein festival utan band!Mange der ute har den siste tida gitt utrykk for ei viss uro for at leiinga endeleg har vorte totalt korrupte, og valgt å arrangera ein festival heilt utan band. Denne uroa har hatt sitt utgangspunkt i ein noko ullen artikkel i det partipolitisk uavhengige nyheitsorganet Nyhende, frå ei tid attende. Rykta har sidan den gong gått høgt og lågt i om musikken på årets Fres Festival vil bestå utelukkande av ein oppmikka JVC Boomblaster, med Yabbadabbadance #8 på repeat heile helga. I dag vert desse rykta lagt daude ein mal für die ganze!

Det var ville tilstandar på Skausgarden då bookingavdelinga omsider kunne frigi dei fyrste artistane til årets utgåve av den blodig uavhengige festivalen Fres Festival. Ikkje mindre ekstatisk vart stemninga då dei kunne meddela det store presseoppbodet at ein av årets headlinarar vert sjølvaste Grand Island frå sjølvaste Oslofjørao! Grand Island er eit feiande flott rockeband som for tida er aktuelle med si tredje plate Songs from Östra Knoll 1:22, ei plate som har fått hovudstadspressa til å trilla generøse terningkast.

I tillegg til P3-favorittane Grand Island, kunne bookingavdelinga også kunngjera at kjende og kjære Fresfjes som Roadkill, TYYL!, Beinkjør, Canoon og Tim Fancy er å finna i denne fyrste ladninga med artistar. Det er med andre ord duka for teatralsk bøllerockabilly, sognarock/føredrag om lembing, digre ballar frå Kølabånn, samt fancy beats, riff og melodiar. Sett i lys av ein slik episk pakke med artistar, er det ikkje rart at det var ei sjølvsikker bookingavdeling som natt til mandag kunne kalla inn til ekstraordinær pressekonferanse på Skausgarden.

– Vi kan ikkje sei anna enn at vi er ekstremt nøgde med å få desse artistane til Fresvik til sommaren. Vi er sikre på at Freslikummet kjem til å setta stor pris på desse banda. Ei heller er dette den endelege lineupen, so vi rår alle i den gravande delen av kulturpressa, ja vi tenkjer spesielt på deg, Kent, til å følgja godt med på den smakfulle artistsida på fresweben for det siste nye på bookingfronten, og andre aktuelle frontar.

7 replies
  1. myhrik
    myhrik says:

    Selv om forslaget om oppmikka JVC Boomblaster og Yabbadabbadance #8 forsåvidt var svært interessant, er jeg glad for at festivalledelsen endte opp med å kjøre en litt mer tradisjonell lineup med band som spiller live! Hurra!

  2. 2riuz
    2riuz says:

    Dette er som julekvelden, dersom julekvelden hadde blitt feira på internett utan mat eller fysiske gåver.

  3. Ruben
    Ruben says:

    eg stiller lett til dugnad veka før når eg ser at Roadkill er booka (hadde seff stilt uansett, men da ekje da som er poenget. Reknar med at de vil ha dusjkabinnetet i år også? :p
    EG GLER MEG!!!

Comments are closed.