Fres affiliert slapp etterlengta album på hipp konsertscene inni Oslofjørao

Stor åtgaum då Canoon frå Kølabånn spelte for massane på Café Fiasco

Det var til tider eklektisk stemning då Kolbotn sine prodigale søner, Canoon, hadde releasekonsert for den mykje omsnakka fullengdaren Dark side of Canoon, på den trendy og smakfullt innreidde konsertstaden Café Fiasco inni Oslo. Testikulærrockarane i Canoon serverte smakebitar frå den nye plata, i tillegg til gamle klassikarar frå tidlegare utgivingar. Alle som er nokon som helst var til stades denne kvelden. Til og med kjente fjes som Kikken, og makroøkonomen og storsjarmøren Eilert Husabø. Som forventa var bookingavdelinga til den vesle, men nådelaust uavhengige festivalen Fres Festival i Fresvik, òg å sjå mellom alle musikkjournalistane og bransjefjesa som hadde lagt turen til Fiasco.

Canoon

Men kjem dei til Fresvik?

Som den opplyste lesar og festivalgjengar har fått med seg, har det hardtslåande kølabandet Canoon dei siste åra vore noko av eit husband på Fres Festival. Difor vart spørsmålet om Canoon nok ein gang vert å sjå på Skausgarden til sommaren, eit av dei meste stilte på den spontane pressekonferansen bookingavdelinga kalla inn til rett etter at Canoon hadde gått av scena.

– Kan bookingavdelinga be- eller avkrefta om Canoon kjem til å ta turen til Fresvik til sommaren?

Eit mangefasettert spørsmål, Kent. Bookingavdelinga ligg som vanleg i tett dialog med det ypparste innan norsk musikk. Dermed er det berre naturleg at eit band som Canoon år ut og år inn er å finna på den metaforiske blokka. Vi kan på dette tidspunktet ikkje bekrefta det eine eller det andre, ut over at Syril vil festa grepet om tabellen i år, som i fjor, men vi kjem til å gå inn i lange og fruktbare samtalar med Canoon utover våren, sa ein feststemt Per Christian Grov frå mellom anna bookingavdelinga.



3 replies
  1. kristin
    kristin says:

    Kva er det slags språk du har lagt deg til, Håvard?
    Måtte bruke ordbok minst tre gonger. Og verken affiliert eller prodigal var å finne. Åtgaum er eit ord ikkje eingang Oddgeir Bruaset tek i munnen.

Comments are closed.