Game on

,

Fresvikjer, og andre vener av Fres festival!

På ny boblar det i bakken under Skausgarden. Dyret er i ferd med å vakna, vert det sagt. Jammen ser det ut til at det vert festival i år igjen.

Det har lenge vore snakk om at, på plassar der mange sjeler er samla, og der intense opplevingar finn stad, der vert også sjølve verkelegheita strekt til sitt ytterste. Ei helg i året er Skausgarden er ein slik plass. Mange sjeler er samla, og intense opplevingar finn stad. Dermed vert eksistensen strekt til bristepunktet, og veggane som skiljer dei ulike dimensjonane i universet vert tunnare enn nokon gong. Det er difor ikkje utan grunn at Skausgarden lenge har vore eit ynda mål for kvantefysikarar, kosmologar og andre folk som likar å studera eksistensen sine meir perifære områder.

Med andre ord: spenn selen folkens, Fres Festival 2010 er på veg mot oss, og det er venta ekstradimmensjonære hendingar en masse! Vi håpar å treffa dykk alle, i Fresvik: der vegen endar, men livet tek til.

Fres 2010

LT H PC G

PS: I år, som i fjor, er det www.fresn.no som er di einaste kjelde til seriøs informasjon om Fres Festival. Vokt deg for etterlikningar.

3 replies

Comments are closed.