Som seg hør og bør…

Då Fresvik Says i år igjen vart kontakta av Fres Festival mht. utvikling av profilhandbok for årets festival, var dei ikkje tunge å be, eller tungbedde om du vil.

For sjette år på rad er det den mannsdominerte bedrifta Fresvik Says som har fått æren av å levere grafisk profil til Fres Festival, noko ymse kvinnegrupper navngitt med maskuline fornavn, ikkje tek lett på. Dette tek derimot leiinga høvesvis lett på, og seier, at jo, menn gjer ein betre jobb. Nyhende kan ikkje vere ueinige i denne uttalelsen, då me sjølv har ein mann til kvinne-ratio under snittet i høve til den gemeinsame norske kulturinstitusjon.

“La oss ikkje gjere dette til ein kjønnskamp Kent” kjem det frå leiar for IKT og verdiutvikling Gunnar Husabø.

Og han har heilt rett, denne skal ikkje handle om kjønnskamp, denne saka skal handle om Fres 2010 sin nye profil.

Då er det ikkje meir å seie enn at, denne vil du sjå mykje av framover, og du kjem nok garantert til å hoste opp litt spenn for å sikre deg den på ei t-skjorte.

God Fres er Trygg Fres!

Fres Festival 2010

3 replies

Comments are closed.