Fres Festival, ein festival der band spelar?

Frekk festival har vevside, men ingen band. Ingen fare, seier bookingavdelinga.

That´s so 2005!

Pressa vart kalla inn

Ikkje før hadde iveren og lovorda frå IT-Noreg lagt seg, før den uavhengige festivalen Fres Festival måtte på bana for å svara på korleis det er mogleg å vera ein festival med eiga vevside, men tilsynelatande ingen band på plakaten. Som den skarpsindige og observante lesar har fått med seg, vart nemleg den nye vevsida til Fres Festival i Fresvik offentleggjort førre veke, men dette utan å samstundes offentleggjera kva band som kjem for å gleda publikum den siste helga i junli 2010. Det var difor ikkje utan grunn at den djerve bookingavdelinga natt til tirsdag kalla inn til ein ekstraordinær pressekonferanse.

Bookingmøte i høgtida

– Vi skjønar godt at gravande journalistar som deg sjølv, Kent, undrar deg over kvifor det framleis ikkje har blitt slept nokre artistar til årets Fres. Men denne undringa åleine, er ikkje i seg sjølv ein grunn til å la den heilt store panikken gjera seg gjeldande. Bookingavdelinga jobbar dag og natt med å setja saman eit herleg program for årets festival, og vi har allereie flerie namn på den mykje omsnakka blokka, namn som vil setja mang ein frestuiast i svært god stemning. Artistane vil forøvrig verte offentleggjorde etterkvart som leiinga finn dette for heilheitleg. Leiinga vil løpet av den nært foreståande høgtida pønta seg, og ha eit møte i lag med bookingavdelinga ved HQ Skausgarden. Venteleg vil det koma noko godt ut av dette, kunne ein fokusert Lars Tore Skau opplysa eit mannsterkt pressekoprs. Underlege lydar var og å høyra, pffst garglr gurglegurgle. Mmmm, eit hint av lime.

Programmet for Fres Festival 2010 vil verte offentleggjort på vevsida www.fresn.no etter kvart som det vert klart. Heng med.

10 replies
  1. Kjell
    Kjell says:

    Dette ser lovande ut. Det beste biletet eg har er frå Fresn. Lukke til med å plukke ut band!

  2. kristin
    kristin says:

    Var sjølvsagt mest spent på kva monster eg skulle få. Meget nøgd.

Comments are closed.