Fres Festival er over!

Takk til!

Jon og Elisabeth Skau for gard og grunn, mat og uvurderleg innsats.

Kaia, Trude, Sigrid og Mari for hjelp på alle moglege vis.

Reidar for høg beskytting.

Alle friviljuge vakter og flaskeplukkarar
.

Hans for lyd og ekstrem dedikasjon.

Ronny Hov for straum.

Goggen for vatn, vaskar, korrekt vermelding og godt naboskap.

Eldri, Øyvind og Ruben for byggegjerdeoppsetting. Ruben for dusjkabinettet!

Vegard Skogheim for tett scenetak.

Per pao Sagi for materiale til scena.

Sæter Events for lys.

Ingrid for festivalkunst.

Oline for yngste campgjest nokon gong.

Vebjørn Berge og Vik kommune for ekstremt velvillig utdeling av transporttenester, samt dassar og containarar.

Sæmund for ekstremt bra parkeringsvakting!!!!!!

Eilert, Tora og Marta med crew for billettbuvakt.

Fresvik Produkt for lån av lastebil.

Robert og Runar for lemping og høgrisiko stigeklatring.

Robert for køyring av byggegjerder og framsyning av festleg hatt.

Ole Håkon for køyring av byggegjerder han og.

Stian Bakketeig på Fargerike i Sogndal for måling til festivaldassane.

Digital Etikett for frekke etikettar.

Ingve Lende og Meieriet for lån av scenebarrikadar.

Maren og Kamilla for rydding, stripsing, oppsetting av partytelt og mykje anna.

Kristian for sikker skjøtting av grillar.

Syver for sveler.

Eirik Rygg og Paxar NTP for trykking av t-skjorter, Toril og Kirsten var og med!

Torjus, Kirsten, Siri og Susanne for framifrå salsjobbing i merchboden.

Liv og Goeff for overnatting og frukost.

Bjarte Vatlestad for filming.

Vikja for pølser og burgarar.

Guus for herleg Feiosis.

Eldri og Bui for lang opningstid og kreditt.

I L Modig for lån av klubbhus.

Vest Personell Sikring og Vikheim + kompis for tryggleik.

Parken i Gaupne for booking av Vassendgutane akkurat denne helga.

Alle som var med og ryddda på søndagen.

Alle artistane som leverte glitrande konsertar på rekke og rad.

Sist, men ikkje minst, alle festivaldeltakarar som var med på  å gjera Fres til ein fest i år igjen.

Laters!

Leiinga

1 reply

Comments are closed.