Programmet er klart!

Årets Fresprogram er klart! Supergrüppa Bombeklüchter opnar årets festival!

Program 2009

Program 2009

Det var natt til i dag tidleg at programmet for årets utgåve av den nytenkande og nybrottsorienterte festivalen Fres Festival i Fresvik, Vik Kommune, vart klart. Med den heilfrekke bookinga av det relativt høgt utdanna pønkebandet Bombeklüchter er årets festivalprogram komplett. Og for eit program! Sjeldan, eventuelt ein eller anna plass mellom sjeldan og aldri, har programmet vore sopass grensesprengande og dynamisk som i år. Vinnarar av prisar av ulik karakter formelg står i kø (mykje ved hjelp av Fres Festival sitt eigenutvikla kølappsystem for artistar ArtQue™. red.anm) for å underhalda det musikkglade Frespublikummet.

Fres Festival tek atterhald om endringar. Sjå programmet i sin heilskap her!!

Intens aktivitet på Skau!

Rapportar om megalomania tikkar inn frå Itar Tass! Høgteknologi vil verta nytta…

Kaia in Command

Kaia in Command

Dei siste dagane har den relativt vesle garden Skau i beste Fresvik, Vik kommune, vore prega av eit usedvanleg høgt aktivitetsniveau. Det har komme inn vitneobservasjonar som peikar dit hen at store ting er i ferd med å henda. Det hottaste ryktet om dagen er mellom anna at eit visuelt underhaldningsapparatus av til no ukjend karakter og storleik er i ferd med å ta form.
Les meir

Fres Festival! Painted by Fargerike i Sogndal!

Jovial målingsbutikk forsyner kredibel festival i lokalmilieuet! Marknadsverdien er enorm, seier han der Kiese fyren!

Fargerike i Sogndal; serious paintin shit!

Fargerike i Sogndal; serious paintin' shit!

Fres Festival har den store gleda å melda at Fargerike i Sogndal, ved butikkskjef og generell goodguy Stian Bakketieg, har sponsa Fres Festival i Fresvik med herleg måling til dei berømte dassane som vert nytta av blide festivalgjengarar! Det dermed er lite eller ingen tvil om at årets dassar med det vert rett so trivelege og ikkje so reint lite uavhengige.

Fres Festival og alle deira affilierte takkar og bukkar og anbefalar Fargerike i Sogndal til alle dei som har ting som treng eit strøk!

Slit du med dårleg karma? Fres Festival kan hjelpa deg.

Er du ein av dei mange som har kasta vekk storparten av ferien på fyll, fanteri og det som verre er? då har du ei unik moglegheit til å komma på plussida på karmafronten ved å gjera ein innsats for den hardtarbeidande festivalen Fres Festival i Fresvik. Dette gjer du leikande lett ved å trykka på den gule flotte Jobb på Fresn – Bli Kool knappen som er å finna til høgre på den særs frekke edb-sida www.fresn.no.

We salute you!