Intens aktivitet på Skau!

Rapportar om megalomania tikkar inn frå Itar Tass! Høgteknologi vil verta nytta…

Kaia in Command

Kaia in Command

Dei siste dagane har den relativt vesle garden Skau i beste Fresvik, Vik kommune, vore prega av eit usedvanleg høgt aktivitetsniveau. Det har komme inn vitneobservasjonar som peikar dit hen at store ting er i ferd med å henda. Det hottaste ryktet om dagen er mellom anna at eit visuelt underhaldningsapparatus av til no ukjend karakter og storleik er i ferd med å ta form.

 - Pina, denna hadde faen meg gjort seg med litt smelta ost!

Pina, denna kubben hadde jaggo gjort seg med litt smelta ost!

…i tillegg til ein del lågteknologi.

Det er visst ikkje berre høgteknologiske nyvinngar det går i på Skau om dagen. I følgje ein ikkje namngitt infiltrør er det snakk om at enkelte utbetringar vil verta gjorde på hovudscena på Skau. Det er enno ikkje komme på det reine kva desse utbetringane består i, men det er heva over rimeleg tvivel at Fres Festival med dette med rette kan kallast ein av dei mest toneangivande festivalane i Fresvik om dagen.

Før av i kredible omgjevnadar på Fres!

A dump to be taken is not to be taken lightly upon!

A dump to be taken is not to be taken lightly upon!

Dei tradisjonelle, men likevel nytenkande og dynamiske, dassane som Fres Festival er so viden kjende for har visstnok også fått ei oppfriskning. Dei fysste rapportane på kor mykje marknadsverdi desse dassane vil skapa for fjordturismen er enno ikkje kome på det reine, men det er venta at dei vil tikka inn i samband med helgetrafikken. Det går og rykte om at dassane i år vil få rett ein frekkas av ein dekor på sine respektive innsider. Gled dykk til å føra av!

1 reply

Comments are closed.