Heisann til alle, her kjem eit lite infoskriv om årets festival i Fresvik. Følg med på www.fresn.no for oppdateringar.
- billettprisen er i år 300 kroner, merk 300 kroner. Denne prisen gjeld også om du kjem laurdag, så for å få mest for pengane dine er det lurt å ta turen fredag!
- konsertane startar 18.30, fredag 31.07. – og me vonar at alle kjem i tide!
- det er i år IKKJE høve til å ta med campingvogn/bubil o.l., KUN TELT vil få plass på festivalcampen
- dersom parkeringsplassen er full ved din ankomst, ber me deg sette bilen oppe ved idrettsbana
- Vikja kjem til å servere frekk festivalmat, så pass på å ta med nok kontantar til utruleg god lokal mat! (me er framleis ikkje heilt sikre på åpningstidene her)
- Helland Gardsprodukter vil i år vitje festivalen med utsøkt italiensk/feiosiensk iskrem, dette er perfekt festivaldessert, pass opp for isfjes!
- me vil i år, som i fjor, ta kort ved inngongen, men om du vil kjøpe mat og is på området må du stille med kontantar
- fellesgrillane vil som før gå non-stop, så sjekk at du har med grillmat.
- som alltid er eingongsgrillar STRENGT FORBODE!
- butikken i Fresvik vil i år halde åpen til 18.00 både fredag og laurdag, så ver god og støtt opp med å kjøpe festivalpilsen din her. Dei har forresten alt anna du skulle trenge óg. Vår anbefaling er dei herlege champion-sokkane, knall festivalmote
- kaféen på kaien vil halde ope i festivalhelga
- ferjeruter finn du her
- festivalprogrammet finn du her
Reidar er klar, er du klar?!
God Fres Trygg Fres frå alle oss i leiinga!