Gode festivaldeltakarar! Observer!

Svineinfluensaen, grisaflonnsao om du vil, er over oss! Eller, ikkje heilt. Framleis er Fresvik og Skausgarden ein smittefri og jovial plass å væra. Vi ber dykk likevel om å væra obs på nokre få ting som vil væra med å gjera årets festival til ein helsesam og jovial.

Vask hendene dine!

Sannsynlegheita for at mor di faktisk veit ditt eige beste er stor. Vi ber difor alle vere påpasseleg med handygienen slik som vi veit at de alltid er. Vi kjem til å stilla ut herleg handsåpe ved dei flotte springane rett attemed festivaldassane. Dersom nokon ønskjer antibakteriell spray eller gel må de sjølve medbringe dette. Slike flasker er å få kjøpt i dei fleste butikkar og på alle apotek.

Ikkje drikk av andre festivaldeltakarar si brusflaske!

Influensa smittar lett via dråpesmitte, difor: ikkje del bruflaska di med andre, og ikkje drikk av andre brusflasker enn di eiga. Vi veit vel at det er ein venleg gest å dela brusflaske, men akkurat i år er dette ikkje å anbefala.

Pass på festivalkompisane dine!

Sidan de alle er gode gode vener veit vi at dette er noko de alltid gjer, men i år ber me dykk om å væra ekstra påpasseleg med korleis det går med din sidemann. Dersom nokon følar seg sjuke, og då meiner vi ikkje sjuke som følgje av for tett brusdrikking, kan desse ta kontakt med sjukepleiar på staden.

Med andre ord: dette går heilt flott so lenge alle føl dei generelle tilrådingar som gjeld for hygiene og spesielt handhygiene, det vil sei, oppfør deg som normalt.

Trygg Fres er God Fres!

Leiinga