
Kristian sliper grillrister
I fleire dagar har det vore intens aktivitet på Skau for å ferdigstille bøen til festival i helga. I ettermiddag kom to fullasta varebilar inn med komplett lyd- og lysanlegg, klart for opprigging på den nyleg utvida scena. I sjutida kom dei første telta oppe, og det har no dukka opp fleire små telt-ghettoar spreidd rundt på området.

Torjus manøvrerer stanga røynd inn i teltduken
Dei ivrigaste festivalgjengarane vil ikkje gå glipp av torsdagskickoff for alt i verda. -Når ein skal setje opp teltet er det greitt å ha litt armslag, seier Torjus Lundevall.
Årets Fres blir, som alltid, tidenes beste Fres. Så og seie alt er oppgradert, bl.a. lys strategisk utplassert i master kring området.

Montering av lys i mast

Teltghettoar