Sissy Wish og Magnus Moriarty™ bekrefta til Fres 2009
av Håvard 13/06/2009, i kategori Artistar 2009
Prisvinnarane strøymer til Fresvik og Skausgarden!

Sissy Wish
Ikkje før hadde sjokkmelgdinga om at spellemannsprisvinnararne i Lukestar tek turen til årets Fres lagt seg, før nok ei bombe slo ned i bookingavdelinga til den konseptuelt frigjorde festivalen Fres Festival. Denne gongen vart det klart at Sissy Wish, som i 2004 vann spellemann(kvinne)sprisen for albumet You May Breathe, og Magnus Moriarty™, vinnar av trendblekka Natt og Dag sin Oslopris for beste album i 2008 (i Oslo då vel), for sitt siste album Perhaps Interior Heart Politeness. Det var difor ikkje utan prakt og pomp at leiinga natt til fredag kalla inn til ordinær pressekonferanse på Essoen på Leikanger.
Leiinga syner til massiv erfaring med handsaming av prisvinnarar

Magnus sez: Yes, it be I who won this here prize.
- Korleis kjem de til å takla dette enorme oppbodet av prisvinnara av ulike slag?
Eit vanskeleg spørsmål, Kent, men samstudes eit viktig og eit rettferdig spørsmål. Det er klart at det er ingenting vi set meir pris på enn å få prisvinnarar til Fresvik og Skausgarden. Vi er opptekne av at festivalgjengarane skal få dei beste opplevingar frå scena, og då kan det væra greit å pøsa på med ein prisvinnar eller to. Når det gjeld korleis vi logistisk, sovel som moralsk, kjem til å takla at slike storheiter kjem på vitjing, tør eg minna på at Fres Festival har lang og substansiell erfaring med prisvinnarar; få eller ingen gløymer vel at ingen ringare enn vinnaren av Vitalprisen 2007 (for unge jazztalent red.anm) Øyvind “Vinn-vinn” Hegg Lunde vitja Fres Festival allereie i 2005, og har sidan den gong vore ein gjengangar på artist sovel som på publikumssida. So dette trur eg vert stas, sa ein godt budd festivalsjef Lars Tore Skau, flankert av ein beslipsa Gunnar Husabø frå Avdeling for IT og Elektronisk Informasjons Handsaming, som nok virka litt distrahert av det enorme utvalet mineralvatn med ulike smakstilsetjingar som var tilgjengeleg på Essoen på Leikanger denne natta.
Prisvinnarar som vitjar årest Fres:
Lukestar: Spellemannspris 2008
Sissy Wish: Spellemannspris 2004
Magnus Moriarty™: Natt og Dag Osloprisen 2008
The Generous Days: Luttpris 2008
Ola Skarstein Tennes: vinnar av Sogn og Fjordane-meisterskapen i discodans i 1997.
Marius Knagenhjelm: Vinnar av konkuransen “Mest Arisk”, avvikla på Fres Festival 2006, tett fulgt av Vitalprisen 2007 vinnar Øyvind Hegg Lunde på andreplass.
Torjus Lundevall: vinnar av Fridthiov Oos’ legat for ein av dei tre beste stilane i nynorsk hovudmål ved examen artium 1999.
Edit: Prisvinnarane Ola Skarstein Tennes og Torjus Lundevall vart lagt til denne lista etter påtrykk frå falkeblikk i lesarmassen.





June 13th, 2009 on 15:44
For ei handlekraft! For ein djervskap!!
June 14th, 2009 on 21:03
Ikkje gløym Torjus Lundevall, vinnar av Fridthiov Oos’ legat for ein av dei tre beste stilane i nynorsk hovudmål ved examen artium 1999.
June 14th, 2009 on 23:02
Eg registrerer at leiiinga ikkje ser det som teneleg å fremje det faktum at Sogn og Fjordane-meister i discodans frå 1997 spelar under årets festival.
June 16th, 2009 on 15:24
Du er så flink med ord, Ola. Ein ekte ordekvilbrist!
June 17th, 2009 on 11:32
alt for lite inavl og halvseriøsitet i årets lineup buu!