Ingen campingvogner på campen i år!

Det vil ikkje verte rom for campingvogner på hovudcampen under årets Fres.

Nei takk

Nei takk

Leiinga har i år bestemt seg for at det ikkje kjem til å verte plass til campingvogner på årest festivalcamp, og oppmodar alle til å ta med seg telt, lavvo, gapahuk eller andre overnattingsmoglegheiter som ikkje treng godkjenning av biltilsynet.

Grunnen til dette årsferske forbodet er at campingvogner tek opp ofseleg mykje plass, samt at det er teneleg å halda bilkøyringa på campbøen på eit absolutt minimum.

6 replies
  1. Håvard
    Håvard says:

    Jau, slambil er innanfor minimumsgrensa. Men, det vil ikkje verta høve til å bu i slambil på campen, berre henta lorr og reisa att.

  2. LT
    LT says:

    Ja, ein slambil utan slamoppdrag er fortsatt ein slambil. Slik er det berre

  3. hekkeløp
    hekkeløp says:

    kva med Borlaugs kombikamp?
    kva med bilar der ein ynskjer sove inni?

    Dette verkar skummelt, sjølv for ein trufast teltbrukar som underteikna.

Comments are closed.