Damn! Fres Festival aukar billettprisen frå 200.- til 300.-

Finansuavhengig festival råka av finanskrisa vert tvinga til å auke billettprisane. Merkeleg, seier økonomiekspertar, skandaløst, seier mannen i gata.

Blodpris!

Blodpris!

Det var natt til onsdag at leiinga for den økonomisk nytenkande festivalen Fres Festival i Fresvik gjekk ut med at dei i samband med årets festival er nøydde til å auka billettprisen frå latterlege 200.- spenn, til hårreisande 300.- surt opptente kroner. Spekulasjonane i bloggosfæra går no høgt og lågt om festivalleiinga totalt har mysst fotfeste, og om det no kun er pengane som tel.

Leiinga med frekke bortforklaingar

Er ikkje Fres Festival festivalen for gatemenn og alle andre som set rock, telt, pilsner og kjøthaldige produkt i fokus? Det var slike spørsmål som opptok det mannsterke presskorpset som hadde møtt opp for å høyra festivalleiinga etter beste emne freiste å bagatellisera og bortforklara noko som heilt opplagt er eit utslag av ekstrem griskheit frå deira side.

– Korleis trur de at folk reagerar på denne håreisande prisauken?

– Eit vanskeleg spørsmål, Kent, men eit rettferdig spørsmål likevel. Vi håpar at folk ikkje vil late seg avskrekka av denne prisauka. Dessutan vonar vi at festivalgjenagarane også set pris på at festivalleiinga spelar med sopass opne kort at dei vel og gå ut med denne blodige prisauken i forkant, heller enn å kasta den i andletet på folk når dei ankjem grindi på Skausgarden om ein månads tid. Vi håpar og at den jamne fresgjengar skjønar at eit stadig veksande arrangement medfører stadig veksande utgifter på alle moglege frontar. Samstundes håpar vi at det at campen framleis er gratis, fjordbadinga framleis er gratis, utsikta framleis er gratis, dei kommunale grillane framleis er gratis og ikkje minst at det ekstremt bra været farmleis er heilt grais er noko som vil trekka folk til Skausgarden nok ein gang.

– Kva kan festivaldeltakarane forventa seg for denne ekstra hundringsen som de no på det aller frekkaste gribbar til dykk frå mannen i gata si allereie slunkne lommebok?

– I år, som i fjor og alle andre år før i fjor, vil festivalgjengarane verte møtt av ei scene som nok ein gang er oppgrgadert både på det lydmessige og det visuelle niveauet. Som alle førgåande år har vi og eit program vi er svært stolte av å kunna presentera. Men mest av alt får dei den talentlaust joivale stemninga som ein ikkje får nokon annan plass enn på Fres, sa ein fokusert festivalsjef Lars Tore Skau, flankert av den øvirge festivalleiinga, alle utstyrt med flakkande blikk og kvart sitt glas vatn ispedd litt lut.


1 reply

Comments are closed.